Jakta på læringane «Jakta på lærlingane» er ein reklameplakat med eit svært klart formål. Formålet til plakaten er å «jakte på nye lærlingar» til å arbeide hos Fjord1. Bildet og teksta har ein veldig klar retorikk. Augeblinken vi ser på bildet kan vi sjå at ho er svært dramatisk. Plakaten har fargar, skriftbruk og andre detaljar som får ho til å likne ei filmplakat. Her blir eg nesten usikker på om dette er meininga eller om dei henta inn feil person til å setje saman plakaten. Det endelege intrykket av plakaten vil eg komme tilbake til seinare. Fargebruken er kraftig og dramatisk. Gul og rød er to av dei mest blikkfangande fargane i grafikken. Her blir mottakarane nysgjerrig og trekkjes inn. Personane på plakaten er også oppstilt på lik måte med mange moderne filmplakatar. Her ser vi blide fjes og unge folk som klart lykkast på jobb. Dette er patos ettersom det appellerer til følelsane våre. Vi blir glade og gjerne også litt freista når vi ser nokon som verkelig trives på jobb. Den samansette teksta i plakaten brukar også patos-appell. Vi finn nemleg ein positiv omtale i tillegg til 5 stjerner i teksten som på kort sikt kan gi ein sans av truverde, men som om vi ser nøyare på, ikkje eigentleg er skreve av noko lærling, bedrift eller viktig person. Denne omtalen er sannsynlegvis skreve av Fjord1 sjølv ettersom det ikkje står kven som har skreve han. Det ligg også to setningar på toppen av plakaten som fortel om kva Fjord1 kan garantere dei som søkjer, men som ser ut omtalar fordi dei står i hermeteikn. Ein kan derimot raskt kople «omtalane» til dei lykkelege fjesa på bildet, som teknisk sett ikkje bryt nokon reglar, men som er ganske umoralsk om det er gjort med vilje. Den øvste setninga kan derimot seiast å bruke etos ettersom ho er bestemt og gir intrykk av at Fjord1 veit kva dei driv med og at dei er truverdige; «dette talet skal auke!» Det endelege intrykket eg får av plakaten er at han er ganske leken og blikkfangande, men at han kanskje manglar truverdige omtalar og er litt vanskeleg å ta seriøst.