Synnøve Engevik – Kjønnsidentitetar i norsk rock

9
SYNNØVE ENGEVIK
KJØNNSIDENTITETAR
I NORSK ROCK
For 13 år sidan debuterte Supervixen på scenen på Stasjonsfestivalen i Trondheim, livredde og adrenalinhøge. Eg jobba hardt med
å få «fire flate» til å svinge à la AC/DCs Phil
Rudd.
Etter kvart stod «Till The End Of The
Day» (The Kinks), «Search and Destroy»
(The Stooges), «Next to You» (The Police),
«No Class» (Motörhead) òg på settlista. Me
hamra laus på instrumenta med mål om å
lage systematisert bråk og energi på linje
med dei store førebileta våre. Vokalist og
frontfigur Stina Moltu studerte og kopierte
groovet, trøkket, klangen og fraseringane
til kollega og gud, Angus Young.
Supervixen hadde aldri ein plan – anna
enn å bli betre, lage gode låtar, ha det gøy
og reise på turné. Trass i dette, utgjer alle
vala me tok ein kunstnarisk strategi. Denne
kopieringa av noko som i utgangspunktet er
eit angloamerikansk og svært maskulint kulturelt uttrykk, er interessant i eit analytisk perspektiv og i eit kjønnsperspektiv.
Kva skjer med bodskapen til The Stooges
når den blir framført av Supervixen?
Look out honey, ‘cause I’m using technology!
Ain’t got time to make no apology
I am a world’s forgotten boy
The one who searches and destroys
Å lese boka The Sex Revolts. Gender, Rebellion and Rock’n’Roll av Simon Reynolds
og Joy Press var ei sjokkarta oppleving, ei
openberring og ein skuffelse for meg. Dei to
forfattarane gjorde meg mellom anna merksam på at delar av den klassiske rocken uttrykker eit direkte kvinnehat. Det har i stor
grad passert hos meg tidlegare, då mitt forhold til rock i hovudsak har vore musikalsk
og ikkje tekstleg. Gjennom songtekstar som
«Under My Thumb», «Stupid Girl» og «Have
You Seen Your Mother Baby, Standing In
The Shadow?» harselerer til dømes The Rolling Stones med det «svake» kjønn.1
Dette gjorde meg nysgjerrig. Kva er det
eigentleg eg har stått på scenen og kommunisert?
Dei siste par åra har det òg vore mykje
skriveri i media om temaet populærmusikk
og kjønn. Mange har gått hardt ut mot den
mannstunge musikkjournalistikken. Særleg
dagspressa har blitt gjort til syndebukkar på
bakgrunn av fokus, kvalitetskriterie og språk.
Andre har klandra ein svært konservativ og
lite kjønnsbalansert musikkindustri (plateselskap, festivalar og utdanningsinstitusjonar)
for å bremse ei utvikling i retning likestilling.2
«Se på hun der – hun bitchen er gal», rappar Phil T. Rich, vinnar av Urørt-finalen på P3
og NRK3, 2013. Statskanalen og storsamfunnet blei deretter kritisert av mellom andre
Stian Wallum i Adresseavisen for å hause
opp det han meiner er: «spottende og obskønt mot kvinnelig utagerende seksualitet…
mine døtre skal vokse opp og inn i en kultur
der de må godta å bli kalt «bitch» eller «ho».3
Det er på tide å grave litt, og å studere eit
aktuelt tema i eit historisk perspektiv. Kanskje kan utstillinga I dreamt I was a real boy
vere med på å hjelpe oss vidare, forbi kjønnsstereotypiar og språkkritikk. Identitet er jo
trass alt ikkje noko statisk, men ein prosess.4
Håpet er at utstillinga kan opplyse og inspirere oss til å finne nye strategiar, opprør,
identitetar og ord.5
«OJ OJ OJ, SÅ GLAD JEG SKAL BLI»
OM «SYNGEDAMER OG –MENN» I 50- OG
60-ÅRA
Oj oj oj så glad jeg skal bli
Når ikke lenger han har noen på si
Oj oj oj, da skal det bli fest
Og jeg skal være den eneste gjest
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
10
Det var Arne Bendiksen som skreiv teksten til det norske bidraget til den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i 1969,
framført av Kirsti Sparboe. Den danske litteraturprofessoren Erling Nielsen kritiserte
songteksten i ein fjernsynsdebatt: «Forbøllende, forflatende og fordummende», var
orda han brukte.6 I dag står teksten fram
som nokså kjønnskonservativ.
Det er liten tvil om at kjønnsrollemønsteret i 50-åra hadde alt å seie for kva forhold
kvinner fekk til rock, og kva forhold rocken
fekk til kvinner. Dette skriv Marta Breen i
boka Piker, vin og sang. 50 år med jenter i
norsk rock og pop. Norsk ungdom lærte om
rockekulturen gjennom amerikanske filmar,
magasin og songtekstar, og her var kriteria
for kvinnene si rolle i rocken allereie sett: Dei
skulle hyle, dåne, danse og sitte i baksetet.7
Morten Michelsen, musikkvitar frå Universitetet i København, har formulert det slik:
«På utøversiden har rock’n’roll og rock tradisjonelt vært mennenes domene; kvinnene har hatt rollen som publikum.» 8 Vidare
skriv han at det var betre plass til kvinner i
pop-verda, særleg kvinnelege solistar.
Tamla Motown lanserte fleire kvinnelege
vokaltrioar, med The Supremes som den
mest kjente. Bak mange av jentegruppene
sto ein mannleg produsent. Phil Spector
var den mest framståande, med The Ronettes og The Crystals, men òg George
«Shadow» Morton hadde suksess, med The
Shangri-Las.
Tendensen var den same i Noreg. Norske rockeartistar i 50- og 60-åra var menn,
med nokre unntak: Band som The Dandy
Girls (Hønefoss), The Playmates (Trondheim), Red Hot Peppers (Oslo), Elin Jensen
(sologitarist i det bergenske shadowsbandet Quartermasters), Twice (Drøbak), The
Raindrops (Halden), The Sunny Girls (Søre
Osen/Elverum), Åse Marie «Rocke-Lill»
Amundsen (Stavanger) og danseorkesteret
Venus frå Porsgrunn.
Innanfor popen var det annleis, med
«syngedamer» eller «slagersangerinner».9
Det var svært mange populære og dyktige kvinnelege vokalistar i 50- og 60-åra:
Tutta Rolf, Rita Drangsholt, Lalla Carlsen,
Nora Brockstedt, Inger Jacobsen, Grynet
Molvig, Bente Aaseth, Bjørg Irma, Eli Tanja, Ingjerd Helén, Kari Diesen, Laila Granum,
Linn Arnold, Liz Baxter, Lillian Harriet, Solfrid «Winnie» Heier, Sølvi Wang, Toril Støa,
Vigdis Mostad, Gro Anita Schønn, Kirsti Sparboe og Wenche Myhre.
Pen kjole og oppsett hår var arbeidsantrekket for «popsangerinnene» i 60-åra.
Peggy Lee, Debbie Reynolds og Doris Day
var verdskjente eksponentar for det søte
og uskuldige kvinneidealet i tida. Det fanst
andre kvinneroller i mediebiletet, som til
dømes pinupen og la femme fatale, men
dei var det ikkje plass til i Noreg.
«Syngedamene» kunne ikkje berre å synge. Dei var gjerne skodespelarar, dansarar,
fjernsynsvertar og modellar. Fleire hadde
store internasjonale karrierar.
Sølvi Wang, til dømes, gjesta The Ed Sullivan Show i USA og Saturday Night i The
London Palladium, Storbritannia. Episoden
der Wang song på The Ed Sullivan Show
blei sendt sommaren 1966, og distribuert
ut til over 200 millionar sjåarar i USA og
Canada. Suksessen gjorde vidare at ho fekk
tilbod om sin eigen humorserie på BBC, og
var ynskt til fleire gjestespel på ITV, Palladium og hos Ed Sullivan. Men Wang takka nei
til internasjonale oppdrag for å prioritere
familie og karriere i Noreg.10
«Syngedame», kva er det? Og kor går
grensa mellom det å vere handverkar og
«auteur»? Ta til dømes eit band som Turboneger, som i fyrste rekke ynsker å underhalde, og som ikkje prøver å skjule det rockehistoriske tjuvgodset sitt. Gitarist Knut
Schreiner (arvtakar etter menn som Svein
Finjarn, Freddy Lindquist og Marius Müller)
er ein framifrå handverkar og kopiist. Er
det meir originalt å kopiere eit bluesriff på
gitar, enn å synge ein norsk versjon av ein
tysk slager?
Både dei mykje omtalte rockepionerane i 50-åra (Elvis-kopiar som Rocke-Pelle,
Per «Elvis» Granberg, Jan Rohde og Roald
Stensby) samt pop-banda i 60-åra, hadde i
likskap med «syngedamene» mannlege låtskrivarar, managerar, produsentar og plateselskapdirektørar. For dei norske shadowsog beatbanda i 60-åra handla det ikkje om
å lage den beste låta, men om å vere fyrst
ute med å planke den siste hiten på Radio
Luxembourg.
Einar Rose, Jens Book-Jensen, «gudfaren»
Egil Monn-Iversen, businessgeniet Arne Bendiksen og reklame- og managerduo Christensen og Solberg hadde enorm makt innanfor norsk populærmusikk og plateindustri
i 50- og 60-åra.11
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
11
Sølvi Wang på framsida av Billedbladet NÅ Nr. 36, 8. september 1956
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
12
Han så jo ut som en gud. Han var mørk
og flott og hadde en voldsom utstråling
fra scenen og sang rimelig bra, forteller
Hans Christensen. – Det tok ikke lang tid
før vi skjønte at dette er mannen som kan
bygges opp til å bli Nordens rockekonge.12
(Hans Christensen om Roald Stensby)
«TO YOU»
OM THE DANDY GIRLS
Thor G. Norås var manager og låtskrivar for det fyrste norske rockebandet som
bestod av berre jenter – The Dandy Girls.
Mellom 1964 og 1969 turnerte bandet i tolv
land i Europa og Asia, besøkte krigssoner,
og spelte i eit av palassa til Shahen av Iran,
i miniskjørt.
Historia om The Dandy Girls starta på
Hønefoss i 1964. To år seinare reiste dei på
ein strabasiøs turné i Nord-Noreg der dei
var vêrfaste både i Kirkenes og på Saltfjellet. Etter å ha gjort Sørlandet, Vestlandet
og Sverige, stod Europa for tur.
Våren 1967 bytta jentene ut blusar og
lange skjørt, med korte miniskjørt med
matchande truser. Etter fleire månadar på
turné i Sveits, med stopp i Italia og Tyskland,
måtte grunnleggaren av bandet, Inger Tragethon, ta farvel. Ho skulle heim for å fullføre
handelsgym. Inn kom to sveitsiske jenter.
Nye The Dandy Girls lét tøffare og meir
rocka enn tidlegare, og dei spelte på nattklubbar, pubar, hotell og institusjonar, i folkeparkar, kinosalar, danserestaurantar og
på ein «show-båt» på Zürich-sjøen. Året i
Sveits blei ei omstillingstid for gruppa som
gjekk frå å vere eit kjellarband med tradisjonelt oppsett, til å bli eit profesjonelt
soulbeat-band med fleirstemt song og fullt
messingtrøkk. I 1967 takka dei nei til å vere
oppvarmingsband for The Rolling Stones i
Zürich!
I januar 1968 gjekk turen til Bangkok,
Thailand. Deretter reiste dei unge norske
rockepionerane og manager Thor G. Norås
Søraust-Asia på kryss og tvers i eit heilt år:
Filippinane, Thailand, Indonesia, Iran, Taiwan og Japan.
Etter eitt år i eit krigsramma Asia med
livvakter og bomberegn i det fjerne, sette
dei kursen heimover. Dei hadde budd i koffertar i to år, og knapt vore heimom. I april
1969 blei gruppa oppløyst, trass i speletilbod frå Copacabana, Las Vegas og Mexico
City.13
The Dandy Girls turnerte mest utanlands
av alle norske band i 1960-åra, men blei berre omtalt i to små, nokså feilaktige avsnitt
i Willy Bs Norge i rock, beat & blues: «De
medvirket i filmen Broder Gabrielsen, og
turnerte Norge på kryss og langs, og spilte
også litt i utlandet, bl.a. i Sveits og Italia.»14
NRK nemnte ikkje damene i dokumentarserien Norsk Rocks Historie frå 2004.
Då vår legendariske rockehistorikar Willy
Bakken – inspirert av den britiske musikkjournalisten Pete Frame – skreiv dei leksikalske verka sine, var det dei mykje omtalte pionerane innan kulturhistoria som blei
trekte fram. Og utgangpunktet for skriveria
var platesamlinga. I desse strukturane har
dei få damene som faktisk var aktive i 60åra, slik som The Dandy Girls, dessverre
forsvunne.
Det eksisterer berre to singlar etter bandet, «To You»/«Anne Scott» (1965) og «Heitan og Håtan»/«Rimmetimmetim» (1966).
Den fyrste var ei Shadows-inspirert instrumentalplate, medan den andre bestod av
barnesongar. Ingen av platene representerer The Dandy Girls slik dei etter kvart utvikla seg som liveband.15
Den diskografiske tilnærminga til pop- og
rockhistoria er med andre ord ikkje alltid tilfredsstillande. Særleg ikkje dersom målet er
å skildre populærmusikk som kulturelt fenomen, eller å undersøke kva folk faktisk lyttar til. For nordmenn flest i 60-åra var nok
franske og tyske smørsongarar, lokale danseband, reinlender og religiøs musikk langt
viktigare enn The Cool Cats, The Beatnicks,
The Vanguards og The Pussycats.16
«LEAVE ME GIRL»
OM MACHO-BLUES-MANNEN I NORSK
ROCK
Leave me girl, just run away
You didn’t hear what I had to say
Leave me please, don’t spoil my days
I can’t stand your face17
Dette song The Beatnicks i 1967. Plakaten
som er utstilt er frå 1964, og presenterer
dei fem bandmedlemmane (f.v. Svein Finjarn, Oddvar Gundersen, Carsten Deberitz,
John Lorck, Kåre Haugen). The Beatnicks
var – ifylgje fotoet på plakaten – unge, alvorlege menn. Dei var kledd i mørke dressar, kvite skjorter, hadde nykjemma hår,
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
13
The Dandy Girls i 1966. Foto: Thor G. Norås
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
14
The Beatnicks-plakat, 1964
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
15
polerte sko og tre gitarar. Dei var rake i
ryggen og stramt oppstilte. Eit seriøst rockeband, med andre ord, der alle medlemmane ser ut til å vere likestilte. Her er ingen
frontfigur som skil seg ut verken i utsjånad,
plassering eller posering. Det er bandet
med stor b, og ikkje enkeltindivid som blir
presentert.
Dette fortel noko om tida og musikken.
For mannlege artistar var 60-åra bandet
sitt tiår. Inspirasjonen kom no som tidlegare frå det store utlandet, fyrst frå The
Shadows, og deretter The Beatles.18
I 1963 var gutane i The Beatnicks i Göteborg, Sverige. Det var her det skjedde. Bandet fekk oppleve The Beatles i levande live.
Etter dette avgjerande møtet skifta dei frå å
vere eit shadowsband til å bli eit beatband.
Dei tjukke, grøne ulldressane blei erstatta med moderne, svarte «beatlesdressar».
Svein Finjarn fortel at dressane dei hadde
på seg på biletet var handlaga og bestilte
med mål om å vere identiske med dressane
til The Beatles.19 Bandet gav ut albumet And
now! The New Beatnicks i 1967, før dei i 1969
skifta namn til Titanic.
Medan The Beatnicks var bitne av Beatles-basillen, var The Pussycats Noregs
svar på The Rolling Stones. Manager og
mytemakar Sten Ekroth klarte det kunststykket å skape ein aura av «sex, drugs
& rock’n’roll» rundt dei hardtarbeidande
tromsøværingane: Fire unge sjarmørar og
opprørarar med langt hår, på flukt i ein britisk buss med to etasjar, og god plass til
både band og groupies.
The Pussycats representerer den klassiske og maskuline rockebandmytologien. I
«bandbiografien» til Ekroth, Strengelek frå
1967, er det blant anna eit pornografisk kapittel med tittelen «Liselottes historie» der
beach-parties med The Pussycats er skildra
som seksuelle orgiar. Forteljarstemma gir
seg ut for å vere kvinneleg.
Naken løp jeg omkring og lette etter den
tunge mannen som hadde voldtatt meg en
times tid tidligere. Jeg spurte etter han, og
endelig fant jeg ham. Han satt og sov. Jeg
gikk helt bort til ham og strøk ham over
ansiktet med fitta. Han våknet til liv, og jeg
sa at han kunne få ta meg igjen.20
I den same boka, som har blitt kritisert
for å vere historisk ukorrekt, skriv Ekroth
om korleis han konstruerte skandalar
og brukte politiet og media for å skape
blest rundt bandet. Pussycats var ikkje
dei fyrste i rockehistoria som gjekk aktivt
inn for å skape ein aura av «sex, drugs
& rock’n’roll» rundt seg sjølve, og som
brukte kvinnelege fans som rekvisittar i
denne myteskapinga.
«The British blues persona was the «Mannish Boy»; that’s to say, a sexually precocious teenage boy eager to prove himself
by adopting an almost parodic machismo»,
skriv Reynolds og Press. 21
Dei same forfattarane skriv òg at den rasepolitiske dimensjonen ved Bo Diddleys
«I’m a Man» frå 1955 gjekk tapt då han blei
kopiert av kvite, britiske kunststudentar
med bakgrunn i middelklassen.22 Integritet
blei til arroganse.23 Musikken til dei undertrykte blei lydsporet til store ego som i sin
kamp om merksemd og suksess blant anna
trampa på det andre kjønn – altså damene.24
Macho-blues-rockarar som Keith Richards,
Pete Townshend og Robert Plant, har sett
djupe spor i fleire generasjonar av norsk
rock. I 60-åra var inspirasjonen tydeleg i dei
mange rhythm & blues-banda – Mojo Blues
(Oslo), Rhythmic Six og The Hoolegans (frå
Bergen). I 80-åra dukka tøffingar som Gary
Holton & Casino Steel, DumDum Boys og
Backstreet Girls opp, og i dag har me Skambankt, Oslo Ess og Kvelertak.
«SWEET SOUNDS EVERYWHERE»
FRÅ «MANNISH BOY» TIL «MOTHER NATURE»
Nye estetiske uttrykk oppstod litt i etterkant av, og parallelt med machotradisjonen i rocken. Sjangeren psykedelia fekk
sitt store gjennombrot med britiske Pink
Floyd mot slutten av 60-åra. Her blei fokuset flytta frå svært maskuline verdiar som
tempo, trøkk, intensitet, spenning, flukt og
opprør til naturen, det pastorale, mjuke og
spirituelle. Reynolds og Press omtaler dette som ei forflytting frå «the mannish boy»
til «mother nature» innan rocken. Som eg
skal sjå nærare på seinare, var dette òg tida
då flørten med det androgyne imaget innan rocken verkeleg fekk fotfeste.
Band som Difference (Trondheim), Dream (superbandet som bestod av Terje Rypdal, Tom Karlsen, Hans Marius Stormoen og
Christian Reim) og Rain (Bærum) stod for
psykedeliske innslag i norsk rock i slutten
av 60-åra.25 Difference starta opp hausten
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
16
Prudence-plakat frå 1972. Foto: Erling Ervik
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
17
1966. Då arrangerte Ivar Gafseth «audition» heime på garden på Øysand utanfor
Trondheim. Bandet blei danna på restane
av The Sparrows og Missing Links. Etter
å ha gjennomført ein bra «audition», fekk
Tore Johansen jobben som vokalist. Gruppa henta inspirasjon frå britiske band som
Small Faces og Procol Harum.
Varemerket til Difference var dei reine,
klåre og lyse vokalharmoniane deira. Terje
Nilsen skriv i boka Beat og Piggtråd. Trondheim i 1950- og 1960-årene at dei andre
deltakarane i Trøndersk Mesterskap i Pop
i 1967 blei sjokkerte då dei lytta til gruppa som varma opp bak scenen. Dei vakre
og androgyne tre- og firestemte vokalharmoniane til Difference mangla sidestykke
i norsk rock. Sigeren gav plateinnspeling
og singelen «Tree Of Love», som i 1968 blei
kåra til tidenes poplåt av lesarane til Adresseavisen.
«Som et psykedelisk prosjektil lammet singelen hele landet…».26 Meisterskapet resulterte òg i deltaking i Pop-Korn på NRK, «der
stilte de med de flotteste silkeskjortene som
tenkes kan, spesialsydd for anledningen».27
Dei feminine, lakseraude og ornamenterte
Difference-skjortene kan opplevast i utstillinga I dreamt I was a real boy. Det same kan
den engleaktige falsett-songen i framføringa deira av «Sweet Sounds Everywhere» på
«I tilfelle regn», NRK fjernsynet, 1968.
Det eksisterte òg amerikanske førebilete
innan norsk rock i slutten av 60- og byrjinga av 70-åra. Eit sentralt døme her er The
Band. Music from Big Pink er debutalbumet
til The Band frå 1968. Låtane og samspelet
på albumet har geografisk opphav i eit stort
rosa hus ikkje langt frå Woodstock, upstate
New York. Det var bassist Rick Danko som
kjøpte huset, og kort tid etter flytta bandkompisane Richard Manuel og Garth Hudson inn. Søt musikk oppstod, musikk som
nådde så langt som til Namsos.
Då Prudence oppdaga The Band la dei
straks frå seg Deep Purple og heavyrocken.
Gutane fann fram fløyta, trekkspelet og
mandolinen. Bandet som tidlegare hadde
hatt fokus på England, fann seg sjølv, trønderrocken, og Polydor fylgde etter. I 1972
kom albumdebuten Tomorrow May Be Vanished. Victoria «Så bærre pass dæ». Huset
på omslaget og plakaten ligg i Vemundvik,
like utanfor Namsos sentrum. Prudence likte huset, hadde ynske om å kjøpe det, og
å skape eit bandkollektiv og ei historie à la
The Band sitt Big Pink.
Fotografiet, tatt av Erlend Ervik, er komponert ned til kvar minste detalj, og har
blitt eit svært kjent bandfoto i norsk rockehistorie. Rekvisittar som spaden, kaninen, ølet, og den avslappa stemninga fortel noko om den ideologiske ståstaden til
bandet, og om verdiar i hippiekulturen som
prega slutten av 60- og byrjinga av 70-åra.
Dei fotograferte er: Med kaninen: Per Erik
«Prikken» Wallum. I vindauget: Åge Aleksandersen. Sitjande med gitar: Kjell Ove
«Nille» Riseth. Med trekkspel: Terje Tysland.
I front med mandolin: Johan Tangen. Og
i døropninga: Kaare «Pukken» Skevik Jr.
Sistnemnde ser ut til å ville invitere oss inn i
det som kunne ha vore bustaden til bandet.
Det var ikkje fyrste gongen denne typen
bandbilete blei tatt i Noreg. Bergensbandet Saft var fyrst ute. Det pastorale plateomslaget på singelen «People in motion»/«Albertine Hall» frå 1971 var forløparen
til Prudence-omslaget.28
Det er ikkje dei urbane actionheltane i
rocken, av typen Bruce Springsteen me ser
portrettert her. Mannfolka i Saft og Prudence er ikkje «Born to Run». (Eg kjem tilbake
til denne termen seinare). Dei er mjuke og
litt rufsete menn frå periferien. Trygge og
tøffe husfedrar. Og denne typen kjønnsframstilling var dei ikkje aleine om å ta i
bruk tidleg i 70-åra.
Omkring 1969 tok visescenen over jazzen
og rocken sin plass som det mest nyskapande og kreative uttrykket i norsk musikk.
Visa blei musikken for ungdomsopprøret,
og i sentrum stod ein alkoholfri vegetarrestaurant der kjente og ukjente musikarar spelte for kvarandre to dagar i veka –
Dolphins i Oslo. Det dukka opp viseklubbar
i kvar ei bygd, og det blei laga politiske
songtekstar, på norsk.29
Eit nytt og mjukare mannsideal hevda
seg på visesongscenen. Det blei vanleg
med menn som song om likestilling og eit
varmare samfunn, og poserte med skjegg
i heimlege og huslege settingar. Geirr
Lystrup, Alf Cranner, Lars Klevstrand, Tobben & Ero, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus, Halvdan Sivertsen og Øystein Sunde er døme
på mannlege norske visesongartistar.30
Finn Kalvik-låta «Finne meg sjæl» (1969),
Stein Ove Berg med «Rollebytte i oppgang
A» (1974), Øystein Sunde og «Hjemme
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
18
Stein Ove Berg: Kommer nå, 1974
Amtmandens Døtre, 1974. Foto: Svein Erik Furulund / VG / NTB Scanpix
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
19
igjen» (1974) og «Min Pappa Maler Bilder»
og «Mor, Jeg Vil Tilbake» (1977) av mamma-guten Jan Eggum varslar om ei ny tid
for likestilling.
Den mjuke og ettertenksame mannen
med fokus på dei store mysteria i livet og
naturen, er manifestert i Garman-albumet
til Ole Paus frå 1972. Musikarane på albumet er dei tidlegare tøffe og urbane opprørarane i The Pussycats.
«KVINNER, SPILL SJØL»
OM MUSIKALSK KVINNEKAMP I 70-ÅRA
Samfunnsendringar som likestillings- og
abortloven var ikkje noko som kom av seg
sjølv. 70-åra var prega av eit stort samfunnsengasjement, venstrebylgje, EEC-kamp,
politisk polarisering og kvinnekamp.
Den nye kvinnerørsla i Noreg voks fram
i slutten av 1960-åra, som i resten av den
vestlege verda. Og utover i 1970-åra organiserte nyfeministane seg i grupper som
Kvinnefronten, Clara, Sosialistisk Kvinneforum, Brød og Roser og Lesbisk Bevegelse. Både kvinner og menn demonstrerte i
gatene under parolar som: «Ja til sjølvbestemt abort!», «Ja til gratis barnehage!» og
«Kvinners rett til arbeid!»
Målet var ikkje berre likestilling, det var
frigjering. Og bakgrunnen for kvinnefrigjeringa var eit ynske om å endre verda. Den
største feministorganisasjonen i Noreg var
Kvinnefronten, som blei danna i 1972. Allereie året etter hadde foreininga rundt 3500
medlemmar fordelt på 125 byar og tettstader i Noreg.31
Det voks fram ein kvinnekultur, der kvinnelege kunstnarar vende blikket mot seg sjølve.
Feminismen var eit tema i kunsten. I Kvinneåret 1975 gav tidsskriftet Profil og Kvinnefronten ut boka Kvinneviser, der dei samla
gamle folkeviser og nye kampsongar frå fleire land. Songboka blei tatt i bruk på festivalar, viseklubbar, politiske møte og sommarleirar over heile landet. Det låg i tidsånda at alle
skulle ta del – og ikkje berre vere konsumentar. «Kvinner, spill sjøl!» blei slagordet for den
musikalske delen av kvinnerørsla.32
Det radikale plateselskapet Mai blei danna i 1973, og representerte noko nytt i norsk
musikkbransje, i og med at det var eit idealistisk og uavhengig selskap. Målet deira var
å arbeide for den progressive, folkelege og
norskspråklege musikken.
Fordi dei to fyrste Mai-platene, med Vøm-
møl Spellmannslag og Tanabreddens Ungdom selde veldig godt, hadde selskapet kapital nok til å satse på fleire grupper. Inspirert
av det svenske plateselskapet MNW og deira suksess med den feministiske temaplata
Sånger om kvinnor (1971), sette Mai i gong
arbeidet med å lage ei liknande plate i Noreg. Svenskane hadde brukt ei rekke kvinnelege artistar på innspelinga, men Mai valde å
la ei gruppe stå for heile plata. Dei aktuelle
kandidatane var gruppene Amtmandens Døtre frå Oslo og Kjerringrokk frå Bergen.
Valet fall på Oslo-gruppa, som blei starta
på årsmøtet til Kvinnefronten i Dovrehallen
i 1974. Den svenske inspirasjonsplata var
blitt kritisert internt i kvinnerørsla, fordi alle
instrumenta blei spelt av menn. Derfor var
det viktig for både Mai og Amtmandens
Døtre at jentene skulle spele sjølve. Albumet fekk namnet Reis Kjerringa (1975), og
blei produsert av Harald Are Lund.
Visepoplåtane handlar om kvinner sin rett
til lønna arbeid og sjølvbestemt abort, og
undertrykking av kvinner generelt. Jentene
omsette tekstar frå svensk, brukte låtmateriale frå engelsk folkemusikk og laga nokre
låtar sjølve. Ei av dei sjølvskrivne visene var
«Synonymordboka», som førte til at synonymordboka til Gyldendal blei revidert.33
Hvis du ikke vet hva en kvinne er,
bare slå opp i synonymordboka,
den gir klar beskjed…
Furie, kakkenynne,
pavinne, pimpernille,
rasmus, xantippe, jåle,
spjåk, fjolle, gås, høne…
Hvis du ikke vet hva det er å være mann,
bare slå opp i synonymordboka,
den gir klar beskjed…
Adam, gentleman,
det sterke kjønn…
Amtmandens Døtre fekk mange oppdrag
med ein gong dei starta opp, og den varme
velkomsten fekk dei til å kjenne seg som ein
nødvendig og viktig del av kvinnerørsla. Dei
sa opp jobbane sine, og hausten 1975 reiste
dei på ein landsfemnande turné i samarbeid
med lokalavdelingane til Kvinnefronten.
Konsertane blei gjerne kombinert med diskusjon om saka, og eitt av måla var å inspi-
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
20
rere andre jenter til å slå seg saman og starte band. Etter den hektiske og strabasiøse
turneen var medlemmane av Amtmandens
Døtre lei, og bandet blei oppløyst.34
«JEG ER ET PRODUKT AV 70-ÅRA»
FRÅ IDEALISME TIL NIHILISME
Jeg vil bare ha ditt kjønn
Bruke deg til siste stønn
Jeg ser på kroppen din
Tror du virkelig alt jeg sier
Veit du ikke at jeg ljuger
Alt jeg tenker på er hvordan
Munnen din suger
Elske er noe jeg ikke kan
Jeg veit ikke hvordan
Jeg er et produkt av 70-åra35
Dette song punkgruppa Hærverk på si einaste utgiving, som kom våren 1980. Teksten
kan lesast som ein hedonistisk egotripp, og
skil seg frå retorikken nyfeministar og kvinnefrontskvinner hadde brukt i kampen for
likestillings- og abortlova i åra før.36
Hærverk var ikkje aleine om å ta avstand
frå den politisk korrekte hippie- og visemusikken. Svart Klovn laga låta «Macho Manifest», Wannskrækk song om «AG3» og
Michael Krohn i Kjøtt ville ha maskingevær.
For 30 år sidan gjekk me frå å vere eit
homogent fellesskap, bygd på sosialdemokratiske verdiar og solidaritet, til å bli
eit samfunn med fokus på individet og det
heterogene, kanskje eit meir kynisk konkurransesamfunn. Dette skriv Trygve Mathiesen i boka Tre grep og sannheten. Norsk
punk 1977 – 1980 frå 2007.37
Ordet punk blei for alvor tatt i bruk av
gruppene som spelte på CBGB i New York i
midten av 1970-åra.38 Men det var den engelske punken, med Sex Pistols i spissen, som
skapte furore. Manageren til bandet, den tidlegare kunststudenten Malcolm McLaren, var
interessert i den avantgardistiske kunstrørsla
situasjonisme, og mote. Saman med Vivienne Westwood teikna han ulike kolleksjonar
som tok opp tabu-element som bondageutstyr og nazisymbol. Ei tredje interesse hos
McLaren var musikk, og via klesbutikken sin
kom han i kontakt med eit par unge menn
som han hjelpte med å starte band.
Ei anna historie om punken er amatørskapet. DIY (do it yourself) var parolen for
mange, anten det handla om å lage eigne
klesplagg, starte eit band, gi ut ei stensilert
fanzine eller opprette plateselskap.39 I punken var det nok med tre grep på gitaren, og
eit nystarta band kunne gå på scenen etter
ei veke. Dei korte låtane var enkelt bygd opp,
og den musikalske puritanismen var på mange måtar eit slags ekko av «spill-sjøl-ideologien» til kvinnerørsla eit par år tidlegare.
Visemusikken hadde synt seg å vere eit
lågterskelmiljø for rekruttering av jenter –
og no fekk punken ein tilsvarande funksjon.
Gjennom punken fekk jenter ein heilt ny
type rollemodellar, som Patti Smith, Nina
Hagen, Siouxsie Sioux og Debbie Harry.40
Fleire britiske og amerikanske jentebaserte
band markerte seg òg, som The Raincoats,
Liliput, The Passions, X-Ray Spex, The Au
Pairs og The Slits.
Sex Pistols besøkte Trondheim og Oslo
i 1977. Blant publikum på konserten deira i
Studentersamfundet i Trondhjem var medlemmar frå det som skulle bli det fyrste
«jentepunkbandet» i Noreg – Cleopatras
Hevn. Jentene i Cleopatras Hevn var som
gutane i miljøet rundt Hard Rock Kafé i
Trondheim mot slutten av 70-åra: dei gjorde alt sjølve, var sine eigne sjefar og tok
sterk avstand frå kroppsfokuset, stjernedyrkinga og jåleriet innanfor popbransjen.41
Cleopatras Hevn debuterte på Solrock i
Studentersamfundet i juni 1979, og spelte
punk og hard rock. Dei hadde drøymt om å
spele i band i mange år, men følte at det fyrst
var mogleg etter at punken hadde bana veg
for amatørband. Som kvinneleg kvintett hadde dei øvd sidan januar same år, og to veker
etter Solrock gjekk turen til Kristiansand og
utandørs festival på Christianholm festning.
Trygve Mathiesen skriv dette om konserten:
Under lyden av punk og hard rock med
tivoli-lyd i orgelet, sto den Patti Smithinspirerte Ellen Otterdal Jensen i spissen
for de driftige jentene. ’79-Kriser dro sammenlikning til Runaways, og City Rockers
konkluderte med at de var det eneste bra
bandet på hele utefestivalen.42
Då Arne Bendiksen A/S sendte damene eit
skriftleg tilbod om platekontrakt i 1980, der
selskapet skisserte opp turnear i militærleirar og krav om miniskjørt, takka jentene
nei. (I tillegg til at tilbodet var stikk i strid
med filosofien til bandet, var fleire av jente-
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
21
Solrock-plakat, 1979
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
22
ne gravide på det tidspunktet. Dei vurderte
ein rockekarriere kombinert med rolla som
mamma som konfliktfylt). Dermed eksisterer det berre demokassettar etter Cleopatras Hevn.43
I 80-åra florerte «jentebanda» i undergrunnen. Trioen Make Up, gruppa Burnt Sienna
(seinare Crawdaddy Simone), og Keisersnitt
– som kanskje var det mest kvinnepolitiske
bandet med titlar som «Menstruasjonsblod»
og «Fødselsboikott», var frå Oslo. Nord-Noregs fyrste «jenteband» var Fandens Oldemor,
Schlumsøstrene var frå Narvik, og frå Larvik
kom gruppa The Girls. Bergenspunkarane
Anne Beate Johannessen (Betty Johnsen) og
Ote Kippersund frå bandet Norske Budeier
laga òg fanzinene Frukt Knæsk og Gnarak.44
I dreamt I was a real boy syner òg korleis
markante kvinnelege rockevokalistar mellom
1980 og 1985 tilførte norsk rock ein ny feminin råskap og sårt tiltrengt sensualitet. Her
finn me namn som Anne Grete Preus i Veslefrikk, Tone Rønningen i Blaupunkt, Marianne
«Pjusken» Sletten, Kate Augestad i Program
81 og Program 82, Kjersti Bergesen i KenDang og Bitten Forsudd i Garden of Delight.
«LOVE DON’T BOTHER ME»
OM DAMER OG MENN I DUS PASTELL
80-åra i svart/kvitt, antijåleriet i punken
og antiheltane i grungen (Michael Krohn
og Joachim Nielsen), stod i sterk kontrast
til 80-åra i dus pastell. Ser me vekk frå punken sitt nihilistiske samfunnssyn, var landet
generelt prega av sterk optimisme.
Medan det meste i rockemiljøet så langt
hadde vore basert på idealisme, blei arrangørane proffare i 1980-åra, og infrastrukturen
byrja å falle på plass. I 1984 passerte me 500
millionar kroner tjent på platesal i Noreg. I
1987 var Tomboy det mest populære bandet
i landet med over 150 000 selde eksemplar
av albumet Back To The Beat. Etableringa av
MTV gjorde at imaget og utsjånaden til artistane blei mykje viktigare enn før.
Artistar som Aina Olsen, Cathy Ryen, Bo,
Nina Askeland, Kate Gulbrandsen, Chrisst,
Mia Gundersen og Ina Tangerud opplevde
å få det negative «syngedame»-merket i
panna då dei gav ut plater i 1980-åra.45 Og
denne gongen hadde termen fått eit mykje
meir negativt innhald enn då han blei introdusert i 60-åra. Dette heng saman med
hierarkiet mellom rock og pop, som høgog lågkultur, som eg skal kome attende til.
Desse haldningane blei etablert spesielt i
musikkpressa som voks fram i 60-åra i USA
og England, men som voks seg stor i Noreg
fyrst i 80-åra gjennom aviser som Nye Takter, Puls, Beat og Rock Furore.
Det var ikkje berre damene som pynta seg
i midten av 1980-åra. Det var òg eit knippe
puddelrockband som føna håret nokså heftig: The Kids, Ole i’Dole, TNT, Return, Da
Vinci, Tindrum, People og Sons of Angels er
gode døme på det. Feminine og androgyne
trekk erstatta den tradisjonelle macho-estetikken. Puddelrockarane kvitta seg med Canadaskjorta og barten frå 70-åra, og såg på
seg sjølve som sensuelle objekt. Men sjølv
om mennene her hadde ein tendens til å kle
seg ut som damer, og hylte om kapp i høge
vokalregistre, stod dei ikkje fram som feminine, anna enn på overflata.
I sitt studium av tungmetall fann musikkvitaren og kulturkritikaren Robert Walser ut at
det ikkje berre er ein type maskulin seksualitet, men fire ulike konstruksjonar av kjønn og
kjønnsrelasjonar innanfor sjangeren.46
Nummer ein er utestenging av kvinner, og
fantasiar om mannlege fellesskap utan kvinner. Nummer to er frykt og hat overfor kvinner, der menn blir framstilt som offera deira.
Nummer tre: romantikk og feiring av heteroseksuell kjærleik. Og nummer fire er androgynitet innanfor til dømes glamrocken.
When you tell me I don’t really care
and how I treat you is so unfair
girl I have taken more than I can bare
I know I love you
I tell you I know
Stage Dolls-låten «Love don´t bother me»
(Stripped, 1991) fell nok inn i den tredje kategorien til Walser. Han omhandlar framfor
alt det mest utbreidde temaet innan populærmusikken, nemleg kjærleiken – «hjerte,
smerte». Låten er ei kjærleikserklæring, og ei
skildring av ein mannleg hovudperson (protagonist), som berre må reise. Teksten gir inga
forklaring på kvifor han må dra, anna enn:
And I’m fighting like a worried man
There’s a moment when you cross the line
Is it love? I’ve got a feeling this time
Nothings forever, it’s now or never
Slik er det nemleg berre, for frie einsame sjeler som søker sanninga. Dei er født til å vere
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
23
Ole i’Dole, 1984. Foto: ingeovetysnes.com
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
24
på flukt. Motsettinga til fridomen som rocken
så ofte har promotert, er det konforme, plikter
og forventingar relatert til foreldre – spesielt
mor, heimen, det huslege og ekteskapet. Alle
er institusjonar og verdiar som tradisjonelt blir
assosiert med det kvinnelege eller feminine.
Motsatsen til dette bindande – den individuelle fridomen, trongen til å utforske,
utfordre og å dra på tur – har innanfor den
vestlege tenkinga og kulturhistoria vore
kopla til det mannlege eller maskuline.
Dette er ikkje eit tema som er unikt for
rocken. Store delar av den vestlege kunstog litteraturhistoria tar opp i seg den same
konflikten, som me kan relatere til den romantiske ideen om kunstnargeniet. Regelen er eit mannleg, lidande og einsamt
kunstnargeni, og ein kvinneleg aktmodell,
muse eller groupie.
Dei britiske musikkjournalistane Reynolds og Press, forfattarane av boka The
Sex Revolts, diskuterer flukt- og fridomstematikken innanfor populærmusikken. Dei
sporar det rastlause maskuline idealet på
flukt frå mor, kjærast, hus og heim frå beat-generasjonen, via Bob Dylan, til tydelege eksponentar som Bruce Springsteen og
Tom Petty. Jimi Hendrix uttalte det slik: «If
I’m free it’s cause I’m always running».
«BARE EN VANLIG FYR»
KORT OM ANTIHELTEN I 80-ÅRA
Jeg er bare en vanlig fyr
som av og til er litt spesiell
Som av og til kan preike piss
som av og til kan snakke selv
Jeg liker store, tykke damer
Jeg har kjedelige vaner
er ubehjelpelig distré
men bli’kke svakere av det (Yeah-yeah…)47
I siste del av 80-åra, og med utspring i
punken og etter kvart grungen, dukka det
opp ein litt mindre glamorøs rockehelt –
antihelten. The Aller Værste! var tidleg ute
med å skildre denne vanlege fyren som
gjorde feil og var rar. Raga Rockers-låta
«Når knoklene blir til gele» frå 1983 er eit
anna døme. Men den største antihelt-poeten av dei alle var nok Jokke, Joachim Nielsen. I tekstuniverset sitt skildrar han stort
sett dei som ikkje strekk til og som står på
utsida: «Verdiløse menn», «To fulle menn»
og «Mine klamme hender» er dømer.
«BATTLES IN THE NORTH»
GUTTEKLUBBEN SVARTMETALL
Mayhem såg dagens lys i Ski i 1984.
Bandmedlemmane, med Øystein «Euronymous» Aarseth i spissen, fekk sentrale roller i ein nokså eksklusiv og etter kvart valdeleg gutteklubb.
I starten var musikarane få. Dei samla seg i
miljø i Bergen og Oslo. Ein sentral samlingsplass var platebutikken Helvete (som hadde
sin oppstart i 1991), der ildsjela Aarseth òg
dreiv eit lite plateselskap, Deathlike Silence.
Usemje om kva som var ekte svartmetall
og rivalisering blei grobotn for splitting og
valdshandlingar tidleg i 90-åra. Personar
frå frontgrupper gjorde hatske og fordømmande utfall mot konkurrerande band. Det
blei skapa ein indre krets, Den Svarte Sirkel,
som stod for kanoniseringa. Den Svarte Sirkelen var utelukkande menn.48
Ekstrem-metallen som sjanger er òg i
dag svært mannsdominert. Nokre få norske
unntak er: The Commander in Chief (kvinneleg metallgitarist med internasjonal suksess), Agnete Kjølsrud i Djerv, Deathcrush
(som har henta bandnamnet hos svartmetallpionerane Mayhem, men som kanskje
helst kan karakteriseres som støyrock), Silje Tombre i Blood Command og Silje Wergeland i The Gathering.
Mannsdominansen kan delvis forklarast
med at musikken og tekstane uttrykker og
omhandlar kjensler og fenomen som tradisjonelt sett har vore knytt opp til mannlege
kjønnsroller og -identitetar. Aggressivitet,
vald og krig er dominerande i metalluniverset.49
Dei sentrale musikalske elementa er rå gitarar, torpederande basstrommer («blast-beat») og ein hes, hvesande songteknikk
(«growling» eller «screaming»). Scenografien er viktig, og underbygger musikalske
stemningar og narrativ med visuelle effektar
og provoserande satanistiske symbol.
Enkelte band har teatralske konsertar,
songtekstar, promoteringsbilete og musikkvideoar som inneheld kvinnelege statistar. Eit døme her er Satyricon-videoen
«Fuel for Hatred» (Jonas Åkerlund, 2002)
som me syner i utstillinga. Videoen blei
sensurert frå MTV og ZTV på grunn av
valdeleg innhald. Den har to parti – eit der
me ser bandet spele, og eit der ei naken
og blodig kvinne ligg med ein svær slange mellom beina. Estetikken i dette partiet
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
25
Kvinneleg statist under Gorgoroth-konsert i Krakow, Polen, 2004. Foto: Peter Beste.
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
26
er tydeleg henta frå pornografien. Både
manns- og kvinneframstillinga innan ekstrem-metall er ofte stereotypisk, på grensa til karikert. Den overlegne macho-karakteren og den ekstremt feminine og
underlegne kvinna.
Battles of the North er eit Immortal-album frå 1995. Tekstuniverset til bandet og
låta «Battles of the North» fortel om den
staute krigaren og utfordringane han møter på veg mot nord. Hovudpersonen er
uovervinneleg, sterkare enn naturelementa og herskar i den fiktive verda («Blashyrkh»). Ifylgje det litterære verdsbilete til
Immortal er det mannen si plikt å overvin ne hindringar av naturleg som overnaturleg art.50
«STIFF NIPPLES»
OM JENTER OG ROCK, 1990 – 2000
For kvinnene sin del har det vore tre viktige vendepunkt i den norske rockehistoria: visebylgja, punken og etableringa av
AKKS. Det er ikkje reint få kvinner som har
hatt sin rockedebut i eit AKKS-øvingsrom.
Ideen om AKKS blei fødd etter at Kvinnekulturfestivalen på Kalvøya i 1979 fekk eit
overskot på 70 000 kroner. Hege Rimestad
og Kjersti Martinsen frå Amtmandens Døtre var blant dei involverte som hadde eit
ynske om å bruke overskotet på å etablere
eit permanent musikkurs for damer. I 1982
flytta Aktivt Kvinnekultur Senter inn saman
med punkarane og Radio Orakel på Blitz.51
Sidan den tid har AKKS etablert kontor,
kursverksemd og øvingsrom i Bergen,
Trondheim, Stavanger og Kristiansand.52
I slutten av 1990-åra og byrjinga av
2000-talet blei innsatsen til mellom anna
AKKS synleg gjennom aktive undergrunnsband som Bronco Busters, Fab Foursome,
Furia, Seven, Marine & Mirejam, X.lover, Umbrella, Bazooka Boppers, The Launderettes,
Fake, Mensen, Cocktail Slippers, Pulp Vixen,
Chicas del Coro, Phy, Split Image, Barbarellas og Electric Ladyland.53 Indie-, garage-,
pop- og punkrockband som alle hadde røffe
uttrykk og som bestod av berre jenter.54
Denne oppblomstringa var kanskje delvis inspirert av den feministiske punkrørsla Riot Grrrl i Washington DC, i starten av
90-åra. Band som Bikini Kill, Sleater-Kinney
og L7. Courtney Love og bandet Hole, som
i både image og tekstmateriale leika mykje
med dikotomien madonna-hore, lanserte
òg nye feminine strategiar innan rocken.
Men dei fleste førebileta for dei norske undergrunnsjentene i overgangen mellom
90-åra og 2000-talet var nok mannlege.
Bronco Busters var Metallica-fans, Electric
Ladyland elska Green Day og Phy lytta til
Radiohead.
Rundt 2006 var det ein anna type kvinneleg artist som fekk stor merksemd i media, den komponerande soloartisten. Dei
kvinnelege debutantane dette året var
Marit Larsen, Elvira Nikolaisen, Mira Craig,
Marthe Valle, Marte Wulff, Marte Hegglund
og Rockettothesky (Jenny Hval). Men òg
Ane Brun, Ida Maria, Susanne Sundfør, Hanne Hukkelberg, Ingrid Olava, Maria Mena,
Susanna Wallumrød og Annie prega norsk
musikkliv i åra mellom 2003 og 2008. Desse artistane har på ulikt vis vore med på å
utfordre og utvide sjangeren pop, og til å
gi han høgare status igjen.55
«RENDEZVOUS WITH ANUS»
POSTMODERNE HOMOEROTISK FLØRT
«Of all the mass media rock is the most
explicitly concerned with sexual expression», skriv Simon Frith og Angela McRobbie
i den kjente artikkelen «Rock and Sexuality» frå 1978.56 Dei to peikar på sju ulike relasjonar mellom rock og seksualitet.
For det fyrste er rocken, i alle fall i utgangspunktet, ei ungdomskulturell form.
Målgruppa er gutar og jenter i puberteten,
med alt som det fører med seg. Deretter
er det rocketekstane, som fylgjer reglane
for romantikken. Lyd og rytmar trekker på
andre konvensjonar for seksuell representasjon. Rocken er svært emosjonelt lada,
og gir rom for dansing og kurtisering.
«Rock’n’roll» var eit synonym for ordet sex,
og musikken har vore opphav til moralsk
panikk sidan Elvis svinga hoftene offentleg
for fyrste gong. Rocken handlar om frigjering, og for dei fleste som voks opp etter
andre verdskrig har rock vore den estetiske
forma nærast knytt opp til den fyrste seksuelle erfaringa deira.57
Rocken sin ideologi, derimot, blei i hovudsak forma i 1960-åra. Dette tiåret var
òg tida då den romantiske kunstnarmyten
gjorde sitt inntog i rocken. Det personlege
uttrykket hamna i sentrum, og rock blei eit
spørsmål om autentisitet og truverd. Journalistar og kritikarar i dei spesialiserte angloamerikanske musikkavisene som voks
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
27
fram i 60-åra, var særleg ansvarlege for
denne prosessen.58
Rock’n’roll-æraen utspelte seg slik sett
før dei sentrale verdiane i rocken hadde tatt
form, og før det ideologiske skiljet mellom
rock og pop hadde festa seg. Dette skiljet
går mellom rock som seriøs kultur, og pop
som lettbeint tenåringsunderhaldning.
Eitt norsk band som har harselert med den
sjølvhøgtidlege og ekte rocken er Turboneger – populærmusikkens svar på Robert Venturi og Jeff Koons. Besetninga tidleg i 90åra var Thomas Seltzer (bass), Pål Bøttger
Kjærnes (gitar), Rune Grønn (gitar), Vegard
Heskestad (gitar), Pål Erik Carlin (vokal) og
Tor Kristian Jenssen (trommer). Forstadsgutane – som alle (med unntak av Grønn) framleis var i tenåra – var påverka av amerikansk
punk, pre-grunge, Friedrich Nietzsche, øl,
porno, miljøet på Forsøksgym, og etter kvart
den nystarta klubben Rockall i Oslo. Det musikalske resultatet kan me høyre på den rosa
debutsingelen «Route Zero» frå 1989 og debutalbumet Hot Cars and Spent Contraceptives frå 1992. Sjangeren blei seinare karakterisert som «deathpunk».
Bandet søkte frå fyrste dag eit visuelt
uttrykk, men leita i blinde. Fyrst såg dei
ut som eit litt uflidd grungeband. Deretter
som ein gjeng streite, kjedelege studentar. Så trekte dei i svarte fascistuniformar.
Dei blei igjen bytta ut med ei litt jappete framtoning då Hans-Erik Dyvik Husby
(Hank/Hertis) blei vokalist. Neste fase var
afroparykkar og skokrem. I løpet av skokrem-perioden overtok dongeri som dominerande sceneplagg. Under fotografering
hos Morten Andersen i 1995 kledde Hertis seg i lys dongeri frå topp til tå, medan
dei andre stilte i skjorter, afroparykk og
leppestift i ei brei stripe rundt munnen.
Dongerien stakk av med sigeren. Bandet
kledde seg i denim sponsa av Levi’s, dynka ansikta i teatersminke, og lefla med fetisjestetikken og homoikonografien til biletkunstnaren Tom of Finland.59
Turboneger var ikkje den fyrste homoflørten i rockehistorien. Den britiske musikkjournalisten Alexis Petridis skriv i artikkelen
«Straight and Narrow. How pop lost its gay
edge» i The Guardian at denne historia starta
allereie i 50-åra, med homoerotiske innslag i
bluesen, og at det eskalerte med modstilen
og eit nytt dandyfisert mannsideal fremja
av homoseksuelle managerar: Brian Epstein
(The Beatles), Simon Napier-Bell (The Yardbirds) og Kit Lambert (The Who).60
Andy Warhol og hans «superstars» influerte Lou Reed og David Bowie. Rolling
Stones sin manager Andrew Loog Oldham
«campa» seg opp (utan å vere homofil), og
blei imitert av Mick Jagger. Det var naturleg
å sjå til dei homofile om du ville agere outsider. Dei hadde fridomen, pengane, dop, stil
og mørkesida. Dei inkarnerte alle dei tvilsame verdiane som rock’n’roll var bygd på:
Hedonisme, narsissisme og nihilisme.
Punken bar ukulturarven vidare, argumenterer Jon Savage, i same artikkel. For
ikkje å snakke om discoen. Og kva var
britisk pop i 80-åra? Boy George, Wham!,
Frankie Goes To Hollywood, Bronskie Beat,
Erasure, Pet Shop Boys. Heteroband som
Human League, Duran Duran og Japan
grov like djupt i sminkepungen. Og den
mest profilerte motpolen til desse jålebukkane – sutrande, miserable Morrissey – var
ein minst like sjølvmedviten posør.61
Britrock og grunge gjorde rocken meir
platt maskulin i 90-åra, men det største
bandet i dåtida, Nirvana, song «everyone is
gay» og poserte i kjole. I 1993 fekk Manic
Street Preachers laga T-skjorter med påskrifta «All rock’n’roll is homosexual». Det
var ein provokasjon meir enn ein påstand.
T-skjorta minner oss om at sex og homoseksualitet har vore svært viktige kjelder til
provokasjon innan rockehistoria. Den kjente kjønnsforskaren Susan Fast, som òg er
Led Zeppelin-fan, har formulert det slik:
In performances of so much rock music it
is the male body that is displayed – as a
symbol of masculine strength and power
to male and female spectators, and as an
object of erotic desire for female (and
perhaps also male) spectators.62
Me kan spørre oss sjølve: Har denne nokså
overflatiske flørten med den homofile kulturen hatt nokon innverknad på det norske
samfunnet? Og eventuelt på kva måte?
Det har ikkje vore spesielt mange homofile innslag i norsk rock. Sett på spissen
er historia om norsk populærmusikk kvit,
mannleg og heterofil. Men bandet Norske
Gutter med Stein Fosslie i spissen stod for
eitt. Med bakgrunn som skribent i Gateavisa og som mannen bak det seksualpolitiske
tidsskriftet Supergutt, samla han i 1980 folk
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
28
Knut Schreiner og Thomas Seltzer, Turboneger, 2007. Foto: Stian Andersen
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
29
til det som blei den fyrste besetninga av
Norske Gutter: Stein Støtt (Fosslie) (sang,
tekst) Johnny Yen (sang, synth, musikk),
Tom Trussel (Michael Krohn, trommer), Ståle Ramfjord (Johnny Yen Bang, gitar) og
Ole Einar Olsen (Babij Jar, bass).
Hausten 1980 kom platedebuten i form
av 7-tommaren «Hvem faen tror du du
er»/«Mamma, mannen ga meg gonorré».
Nasjonalromantiske motiv blei framstilt i
homoerotiske parodiar på coveret, og tekstane vekte oppsikt. Med neste utgiving,
«Madam Arthur»/«Jenny Jenny», kritiserte
Fosslie dobbeltmoralen, og på den tredje,
«Gud signe»/«Dans», blir Kronprinsen omtalt. Platene fekk god omtale, og heile opplaget på 1600 av den fyrste singelen blei
utseld. Men bandet blei ikkje spelt på NRK.
«JUSTINE»
OM SHOEGAZE, DET ANDROGYNE OG
SADOMASOCHISME
Sjangeren shoegaze (nypsykedelia, støyrock eller nysurrealisme) kan karakteriserast
som ein feminin versjon av den svært maskuline grungen. Det er i alle fall ein sjanger
der både menn og damer er representert,
og som leikar med ulike kjønnsidentitetar
og det androgyne.
I tillegg til å vere eit teppe av støy, er shoegazen repeterande på grensa til det hypnotiske. Det er stemningar som blir formidla.
Atmosfæriske, psykedeliske og flyktige stemningar. Kvinnelege bassistar og vokalistar går
igjen. Ofte er det både ein mannleg og ein
kvinneleg vokalist som syng unisont og i fløyelsmjuk og luftig falsett. Generelt sett er òg
vokalen miksa langt bak i lydbiletet, som har
diskant og støy frå gitarar i sentrum.
Det androgyne kjem ikkje berre til uttrykk
gjennom lyd innanfor sjangeren shoegaze.
Imagemessig er det ein utstrakt bruk av
maskara, eyeliner, neglelakk og hårband
hos både mannlege og kvinnelege bandmedlemmar.
Den musikkhistoriske lina går frå New
York-bandet The Velvet Underground, den
tyske krautrocken, (Amon Dûûl, Can, Neu!)
til dei irske surrealistane frå 90-åra, My
Bloody Valentine. Deira album Loveless frå
1991 er ein rockehistorisk klassikar som har
hatt ein kraftig etterklang i norsk rock frå
2005 og fram til i dag: Serena-Maneesh,
The Lionheart Brothers, 120 Days, I Was A
King, Maribel og Dråpe for å nemne nokre.
I Boka Loveless (i serien 33 1/3) av Mike
McGonigal fortel Kevin Shields i My Bloody
Valentine at ein viss balanse mellom kjønna er nødvendig for å oppnå det estetiske
uttrykket bandet ynsker å ha. Han snakkar
om ei skaparkraft som oppstår i møtet mellom ulike biologiar. I det musikalske universet til bandet syng gjerne Shields melodiar
som ligg i eit høgt tonalt leie, medan Bilinda Butcher syng det som ligg lågt. Slik
kan det vere vanskeleg å skilje dei to, og å
identifisere kjønn.
Pål Espen Kapelrud i det norske bandet
Maribel fortel at han er inspirert av tenkinga til Shields og My Bloody Valentine
rundt kjønn og det estetiske.63 Ei anna
kjelde til inspirasjon innan sjangeren har
vore forfattarar som Marquis de Sade og
Leopold von Sacher-Masoch, som begge
har skildra seksuelle avvik og valdelege
seksuelle fantasiar. The Velvet Underground har direkte referansar i til dømes bandnamnet og i låttittelen «Venus
in Fur» (ein roman av Leopold von
Sacher-Masoch frå 1870). «Justine», ei av
låtane til det norske bandet The Beautiful People, refererer til boka med same
namn av Marquis de Sade frå 1791. Det
same bandet skifta etter kvart namn til
120 Days, som refererer til The 120 Days
of Sodom (1785) av same forfattar.
Me praktiserar alle kjønn, til ei kvar tid.
Praksisen til artistar og musikarar blir svært
synleg. Kroppsspråk, framtoning, stemmebruk, ytringar og påkledning. Me tar alle slike val, kvar dag. Men vala til artistar blir tydelegare, og når fleire. Derfor fungerar dei
òg som barometer. Det som er akseptabelt
blant offentlege personar, gir ein indikasjon
på kor grensa går for oss andre.
Rocken er med på å bryte ned kulturelle,
sosiale og politiske grenser, på same tid som
den er med på å forsterke dei. Den er eit produkt av kulturen, og den er med på å fortelje
oss kva som er normalt, kva som er mann,
kva som er kvinne og kva som er lov, forventa, sexy, kult og ukult. Popmusikken gir oss
opplæring i både slåssing og kyssing.
Som utstillinga og denne teksten syner
har det vore eit mangfald av ulike kjønnsi-
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
30
dentitetar, -ideal og -strategiar i norsk rock,
nokre meir utfordrande enn andre. Av dei
mest utfordrande kan me nemne nokre få
rocka damer som plugga elgitaren i forsterkaren i 60-åra, visebylgja, som var med på
å introdusere den mjuke mannen og som
gjorde at scenekanten ligg lågare også
for damene. Deretter kom punkedamene
som gjorde opprør mot kommersialisme,
kroppsfokus og krav til eit vakkert og perfekt ytre. I 80-åra derimot, fekk mannen lov
til å pynte seg, og å vere sensuell – både
innan popen og puddelrocken. Noko som
igjen vakte reaksjonar, og som kom til uttrykk i rockens antihelt (The Aller Værste!
Raga Rockers og Jokke & Valentinerne) og
den skumle, uovervinnelege og stereotypt
maskuline krigaren i svartmetallen.
90-åra lanserte òg nye identitetar, mange av dei kvinnelege. Det var bråkete og
breibeina damer i undergrunnen, elektroniske og eksperimenterande pionerar som
søkte mot utlandet, og låtskrivarar med
kassegitar som starta eigne plateselskap.
Seinare kom det òg artistar som i imaget
leika med ulike kjønnsidentitetar. Nokre har
gjort det til sitt varemerke.
Supervixen, som i alle fall i starten valde
eit maskulint musikalsk uttrykk, fekk aldri
verdsherredøme. Men, kanskje inspirerte
me nokre undervegs likevel. Som Marius
Lien skriv i Natt og Dag, oktober 2001:
jeg hadde kanskje planer om å få Supervixen til å fortelle litt om hvordan det er å
være jenteband i gutteklubben rock. Om
de blir likt fordi de er jenter eller fordi de
er gode. Om de gir hverandre kos etter
konsertene. Ha ha, om det er inspirert av
det okkulte sex-heavy-jentebandet Rockbitch. Men slikt snakk blir latterlig. Det blir
helt patetisk, faktisk. For det er ikke sånne
ting det dreier seg om.64
SKRIFTLEGE KJELDER:
Bakken, M. og Norås, T. G.: Bandloggen til
The Dandy Girls
Breen, M.: Piker, vin og sang. 50 år med jenter
i norsk rock og pop, 2006
Ekroth, S.: Strengelek, 1967
Fast, S.: «A woman’s view of pleasure and power» i Bennett A., Shank, B. & Toynbee, J:
The Popular Music Studies Reader. 2006
Frith, S. & McRobbie, A.: «Rock and Sexuality» (1978) i Frith, S. & Goodwin, A. (red.):
On Record: Rock, Pop, and the Written
Word, Routledge, 1990
Hemli, M. S.: Auditive stemningsbilder i en
ekstrem musikalsk kontekst: En studie av
produksjon, komposisjon og sound i norsk
black metal. Masteroppgave, Institutt for
musikkvitenskap, UiO. 2012
Lien, M.: «Girls just wanna have fun» i Natt &
Dag (Trondheim), oktober 2001
Mathiesen, T.: Tre grep og sannheten. Norsk
punk 1977 – 1980, 2007
Mathiesen, T.: Fra hardcore til a-ha. Norsk
postpunk, 1980 – 1985, 2011
Michelsen, M.: «Seriøs underholdning: pop
og rock 1960-1980» i Hovland, E. (red.):
Vestens musikkhistorie. Fra 1600 til vår
tid, 2012
Moslet, H.: Turboneger. Sagaen om denimfolket, 2008
Nilsen, T.: Beat og Piggtråd. Trondheim i
1950- og 1960-årene, 2007
Olsen, P.K., Bakke, A. & Hvidsten, S.: Norsk
Rocks Historie. Fra Rocke-Pelle til Hank
von Helvete, 2007
Petridis, A.: «Straight and narrow: how
pop lost its gay edge», The Guardian,
08.02.2012
Reynolds, S. & Press, J.: The Sex Revolts.
Gender, Rebellion and Rock’n’Roll, 1995
Steinskog, E.: «Skeiv musikk – konstruksjon av
kjønnsbilder» i Kvalbein, A. og Lorentzen,
A.H: Musikk og kjønn – i utakt? (2008)
Wallum, S.: «På vegne av jentene i baksetet»,
Adresseavisen, 16.02.2013
Walser, Robert: Running with the Devil. Power, Gender and Madness in Heavy Metal
Music, 1993.
Weisethaunet, H., Lindberg, U., Gudmundsson, G. & Michelsen, M.: Rock Criticism
From the Beginning: Amusers, Bruisers
& Cool-Headed Cruisers, 2005
Willy B.: Norge i rock, beat & blues, vol. 1,
1983:63
Aas, M.: Spilletid. Norsk platebransjes historie
i 100 år. 2007
MUNNLEGE KJELDER:
Bakken, Marit (The Dandy Girls): Telefonsamtalar og mailkorr: februar, mars og
april 2013
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
31
Finjarn, Svein (The Beatnicks, mellom anna):
Telefonsamtale, 20.01.2012.
Garberg, Marit (Cleopatras Hevn): Telefonsamtalar mars 2013, og møte, 10.04.2013
Kapelrud, Pål Espen (Maribel): Telefonsamtale 02.04.2013.
Martinsen, Kjersti (Amtmandens Døtre): Telefonsamtalar, mellom anna 28.02.2013.
Nicolaisen, Emil (Serena-Maneesh): Møte
08.04.2013
Norås, T.G. (manager og låtskriver, The Dandy Girls): Telefonsamtalar og maillkorr:
februar, mars og april 2013
Rimestad, Hege (Amtmandens Døtre): Telefonsamtalar, 28.02. og 07.04.2013
ENDENOTER:
1. I «Dazed and Confused» (Led Zeppelin, 1968, tolking av Jake Holmes, 1967),
syng Robert Plant blant anna: «soul of
a woman was created below». (Zeppelin hadde ei greie med hekser). Også
punken er formidlar av kvinnefiendtleg retorikk, som i Sex Pistols brutale
anti-abort-låt «Bodies», skrive av John
Lydon (Johnny Rotten) til albumet Never Mind the Bollocks, Here’s the Sex
Pistols, 1977.
2. I samband med utstillinga har Rockheim sjekka korleis det står til med
kjønnsrepresentasjonen i norsk musikkliv, diverse styrer og stell anno april
2013. Konklusjonen er at ståa er langt
betre enn i 2006, men at det er 5 menn
og 1 kvinne i Fono-styret, 6 menn og
3 kvinner i Tono-styret, 5 menn og 1
kvinne i by:Larm-styret, 5 menn og 2
kvinner i Øya-styret, 20% kvinneandel
i styret til Wimp, og berre 15,5 prosent
av dei 76 tilsette i Wimp er kvinner.
3. Wallum, S: «På vegne av jentene i baksetet», Adresseavisen, 16.02.2013
4. Steinskog, E: «Skeiv musikk – konstruksjon av kjønnsbilder» i Kvalbein, A. og
Lorentzen, A.H: Musikk og kjønn – i
utakt? (2008)
5. I dreamt I was a real boy er òg ei verselinje i låta «I got no Strings» på det
splitter nye albumet til Jenny Hval.
(Innocence is Kinky, 2013)
6. Breen, M: Piker, vin og sang. 50 år med
jenter i norsk rock og pop, 2006:44
7. Op.cit. s. 31
8. Michelsen, M: «Seriøs underholdning:
pop og rock 1960-1980» i Hovland,
E. (red.): Vestens musikkhistorie. Fra
1600 til vår tid, Cappelen Damm.
2012:400
9. Ordet «slager», som kjem frå det tyske
«schlagen» (slå/slå an), har blitt brukt
i Noreg frå siste halvdel av 1920-åra,
og etter kvart om all populær underhaldningsmusikk. Musikkforma var tett
knytt til revytradisjonen.
10. Sølvi Wang var den fyrste norske artisten som vann i den internasjonale
TV-festivalen Rose D’Or. Der fekk ho
Chaplin- og pressepris i 1966 med humorprogrammet That’s Entertainment.
Det var denne sigeren som førte ho
vidare til Ed Sullivan.
11. Boka Spilletid. Norsk platebransjes historie i 100 år av Mikkel Aas portretterer
39 sentrale aktørar i norsk platebransje, to av dei er kvinner.
12. Olsen, P.K., Bakke, A. & Hvidsten, S:
Norsk Rocks Historie. Fra Rocke-Pelle
til Hank von Helvete, Cappelen Damm,
2007:27
13. Bandloggen til The Dandy Girls, samtalar med Marit Bakken (Hurum, gitar og
vokal), Inger Tragethon (grunnlegger
av bandet) og Thor G. Norås (manager).
14. Willy B: Norge i rock, beat & blues, vol.
1, 1983:63
15. I dreamt I was a real boy gir eit innblikk
i eventyret til The Dandy Girls gjennom 8 mm filmopptak frå turnélivet
i Asia i 1968 (redda og digitalisert av
Rockheim), samt instrument, sceneantrekk og utklippsbøker. Utstilt er òg
eit iransk magasin med reportasje om
bandet, samt dei to platene dei gav ut.
16. Dei fire store representantane for den
fyrste gullalderen i norsk rock, ifylgje
Willy B.
17. The Beatnicks: «Leave me Girl», And
now! The New Beatnicks, 1967
18. I plakatsamlinga til Rockheim eksisterer
det tilsvarande plakatar av band som The
Saunters, The Zeniths, The Blue Secrets,
The Cannons, The Cliftones, The Cool
Cats, The Dynamites og The Lunick.
19. Telefonsamtale med Svein Finjarn,
20.01.2012.
20. Ekroth, S: Strengelek, 1967:81
21. Reynolds, S. & Press, J: The Sex Revolts.
Gender, Rebellion and Rock’n’Roll,
1995:22
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
32
22.
23.
24.
25.
26.
27.
28.
29.
30.
31.
32.
33.
34.
35.
36.
Både John Lennon, Keith Richards,
Ronnie Wood, Pete Townshend, David
Bowie og Brian Eno gjekk på kunstskule i 60-åra. Roy Ascott og Gustav
Metzger var med på å forme unge
rockehistoriske sinn som sentrale lærarkrefter ved St. Martins, Raw College,
Hornsey, Ealing.
Bo Diddley uttrykte sjølvstende og integritet i eit USA prega av raseskille,
der afroamerikanarar ofte blei omtalt
som «boy». Mannish Boy er tittelen på
Muddy Waters versjon av «I’m a Man»,
og seinare tittelen på David Bowie sitt
tidlege bluesband – the Manish Boys.
Den britiske rocken i 60-åra var sjølvsagt òg berar av radikale politiske idear, og eit engasjement mot den amerikanske krigføringa. Eit døme her er
«My Generation», The Who.
Andre norske band med element av
psykedelia i musikken og det visuelle i denne tida var: Taboo, The Clan,
Few, Happie, Public Relations Inc. og
Wentzel. Eit av dei største norske rockebanda i samtida – Motorpsycho frå
Trondheim, lar seg ikkje lett plassere
i ein bås, men har nok mykje å takke
engelske og amerikanske førebilete
innan sjangeren psykedelia for, i tillegg
til hard-, prog-, indie- og punkrock.
Nilsen, Terje: Beat og Piggtråd. Trondheim i 1950- og 1960-årene, 2007:24
Ibid
I Bergen blomstra òg countryrocken i
70-åra, med band som Hole in the Wall
og Flying Norwegians
Folkemusikk og visesong sette sine
spor i rocken, og ut av dette oppstod
sjangeren folkrock eller viserock – manifestert i band som Folque, Veslefrikk,
Ym:stammen og Gåte.
Sentrale damer i det same miljøet var
til dømes Hege Tunaal, Kari Svendsen
og Kristin Berglund.
Breen 2006:83
Op.cit. s. 84
Samtalar og mailkorr. med Hege Rimestad og Kjersti Martinsen frå Amtmandens Døtre, februar - april 2013.
Utstillinga syner mellom anna mandolinen og bandprotokollane til Amtmandens Døtre.
Gene Dalby, for Hærverk, 1979
Mathiesen, Trygve: Fra hardcore til
37.
38.
39.
40.
41.
42.
43.
44.
45.
46.
47.
48.
49.
a-ha. Norsk postpunk, 1980 – 1985,
2011:82
Mathiesen, Trygve: Tre grep og sannheten. Norsk punk 1977 – 1980, 2007:8
Det var ingen stilistisk samanheng
mellom den febrilske amatørismen
til Ramones, Talking Heads sine små,
framandgjorte og framandgjerande
songar, poplåtane til Blondie og Patti
Smith sine lange ordgirlandrar på rockebakgrunn. Det dei hadde til felles,
var at dei ikkje hadde platekontrakt,
og at dei på kvar sin måte var innovative. Men plateselskapa kom raskt til,
og mange band fekk ein kortare eller
lengre karriere under den nye etiketten new wave.
Michelsen, M. i Hovland E: 2012:411
Patti Smith spelte konsert i Oslo i 1978.
Trondheim var fyrst ute når det gjaldt
å skape eit miljø rundt punken i Noreg. Band som Bitch Boys, Rabies, Sjølmord, Tomsingan, Slåbrock, Flass og
Johnny Yen Bang heldt alle til på Hard
Rock Kafé i slutten av 70-åra.
Mathiesen, 2007:201
Samtale med Marit Garberg, mars 2013.
Som òg kan opplevast i utstillinga.
Breen 2006:134
Walser, Robert: Running with the Devil.
Power, Gender and Madness in Heavy
Metal Music, 1993.
Tekst: Chris Erichsen, The Aller Værste!, Materialtretthet, 1980
Sjangeren har fått namnet etter albumet Black Metal til det engelske
bandet Venom frå 1982. To andre viktige inspirasjonskjelder for dei norske
svartmetallerane – i tillegg til punken,
Kiss (ansiktsmålinga), splatterfilmar og
fantasylitteratur – er sveitsiske Celtic
Frost og svenske Barthory. Sistnemnde
løfta òg fram vurmen rundt vikingar og
åsatru. Dei sentrale norske banda tidleg i 90-åra var Mayhem, Darkthrone,
Thornes, Immortal, Satyricon, Emperor,
Burzum, Enslaved, Gorgoroth og Ulver.
Svartmetallfanzina Slayer Magazine,
som kan opplevast i utstillinga, skildrar
det ekstremt maskuline miljøet rundt
Den Svarte Sirkelen. Fanzina, som er
utgitt av Jon «Metalion» Kristiansen,
og som hadde sin fødsel på norsk i
1985, er ein av mange årsakar til den
enorme utbreiinga sjangeren har hatt.
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK
33
50. Hemli, M. S: Auditive stemningsbilder
i en ekstrem musikalsk kontekst: En
studie av produksjon, komposisjon og
sound i norsk black metal. Masteroppgave, Institutt for musikkvitenskap, UiO.
2012. Øksa til Abboth og Demonaz i
Immortal, som er ein sentral brikke i det
visuelle uttrykket til bandet, kan opplevast i utstillinga.
51. Samtale med Kjersti Martinsen, mars
2013.
52. I 1993 gav AKKS ut den fyrste samleplata med norske «jenteband», Stiff
Nipples. Dei fekk inn 14 demoar. I 1999
kom Stiff Nipples vol.2. Då plukka
AKKS 14 spor frå 250 demoar. Den
siste samleplata (vol. 3) kom i 2008.
Alle tre platene er no digitaliserte av
Rockheim, og kan lyttast til i utstillinga.
53. På eit litt høgare kommersielt nivå,
men i same tida, opererte damer som
The Tuesday Girls, Somebody’s Darling, Claudia Scott, Vibeke Saugestad,
Anneli Drecker, Unni Wilhelmsen, Mari
Boine, Trine Rein, Silje Nergaard, Anja
Garbarek, Bertine Zetlitz og Lene Marlin.
54. Unni Wilhelmsen, Ane Brun, Ephemera
og Heidi Marie Vestrheim hadde suksess med eigen musikk og eige plateselskap.
55. Jon Mikkel Broch Ålvik analyserer Marit
Larsen i eit kjønnsperspektiv i artikkelen «Det vi ser og det vi ikke ser:
56.
57.
58.
59.
60.
61.
62.
63.
64.
Nærhet og avstand hos Marit Larsen
og Marion Ravn».
Frith, S. & McRobbie, A: «Rock and
Sexuality» (1978) i Frith, S. & Goodwin, A. (red.): On Record: Rock, Pop,
and the Written Word, Routledge,
1990:317
Ibid. I I dreamt I was a real boy er det
ein stasjon med tittelen «Friksjon». Der
blir ulike sex-relaterte sensurhistoriar
frå ulike tiår i norsk populærmusikk
presentert. Sakene fortel mykje om
gjeldande normer og kjønnsroller i
Noreg frå 60-åra og fram til i dag.
Weisethaunet, H., Lindberg, U.
Gud mundsson, G. & Michelsen,
M. (2005). Rock Criticism From the
Beginning: Amusers, Bruisers & CoolHeaded Cruisers.
Moslet, H: Turboneger. Sagaen om denimfolket, 2008
Petridis, A: ”Straight and narrow: how
pop lost its gay edge”, The Guardian,
08.02.2012
Ibid
Fast, S: «A woman’s view of pleasure
and power» i Bennett A., Shank, B. &
Toynbee, J: The Popular Music Studies
Reader. 2006:365
Telefonsamtale med Pål Espen Kapelrud 2. april 2013. I utstillinga syner me
hodepryden til Emil Nicolaisen.
Lien, M: «Girls just wanna have fun» i
Natt & Dag (Trondheim), oktober 2001
KJØNNSIDENTITETAR I NORSK ROCK