ENGELSK UTTALE Sjå info og øvingar i English Resource Room på fronter. UTTALE AV BOKSTAVAR: Th-lydane – ð, θ c blir uttalt /s/ framfor e, i, y: cease, city, cypress - elles blir c uttalt /k/: call, cut, public gh er stum inni og på slutten av ordet: bought, sigh Unntak: -gh blir uttalt /f/ i desse orda: cough, enough, laugh, tough, trough Dei to th-lydane blir uttalt omtrent som norsk t og d, men dei varer lenger. Lydane p-t-kb-d-g er «plosivar» eller «stopp-lydar» (blir uttalte ved at luftstraumen stoppar brått opp). ð-θ-f-v-s-z er friksjonslydar (frikativar), som blir uttalte ved at luftstraumen skapar friksjon. h er stum i desse orda: hour, honour, herb, heir ð er stemt (liknar d), θ er ustemt (liknar t). kn blir uttalt /n/ i byrjinga av orda: knife, knot, knee ð blir brukt i orda the, this, that, these, those, they, them, their, theirs, there, then, than, though m.fl. e til slutt i ordet er oftast stum: give, examine, gentle [-e blir uttalt i nokre framandord: catastrophe] lk blir uttalt /k/ etter a og o: yolk, talk, walk mb blir uttalt /m/: bomb, dumb, lamb, thumb , plumber ph blir uttalt /f/: Phyllis phoned Phil rh blir uttalt /r/: rhyme, rhesus w er stum i orda who, whom, whose, whole, whoop. wr blir uttalt /r/: wrong, write, wrought iron Lyden /y/ finst ikkje på engelsk. Bokstaven y - blir uttalt /j/ først i ordet: yes, yacht, Yamaha. - elles /i/: crystal, happy - eller /ai/: type, my θ blir brukt i orda thank, thick, thief, thigh, thin, thing, think, three, third, through, throw, thirst, thorough, thought, thread, threat, throne, thumb, thunder, theory, therapy, Thursday m.fl. /r/ Engelsk /r/ blir uttalt om lag som norsk rulle-r, men tunga skal ikkje vere borti munnen. Skarre-r kan ikkje brukast på engelsk. I britisk blir /r/ uttalt berre før vokal (aeiouy). /z/ = stemt variant av /s/ /z/ blir uttalt som /s/, bortsett frå at /z/ er ein stemt lyd. At ein lyd er stemt vil seie at strupehovudet vibrerer. Døme på andre stemte lydar er b-d-g, medan p-t-k er ustemte. Hald på strupehovudet, eller hald for øyrene, for å sjekke om du seier ein stemt lyd. Bokstaven z blir alltid uttalt /z/: zoo, zebra. Bokstaven s blir ofte uttalt /z/, spesielt mellom vokalar og i endingar: reason, calls, cars. Ein /z/ i ordet forlengjer uttalen av vokalen: vokalen i «eyes» (med /z/) er lenger enn i «ice» (med /s/). /Ʒ/er den stemte varianten av hysjelyden /ʃ/: leisure - pleasure – measure - vision – beige – usual – treasure – confusion – decision – occasion - prestige /ʤ/ er den stemte varianten av lyden /tʃ/: joke – lodger – bridge – jugde – junk – jeep – jazz – J June – major – injure – gym – giant - page /v/ og /w/ For å uttale /v/, set framtennene mot underleppa. For å uttale /w/, rund leppene som når du seier /o/. Løft bakre del av tunga. Øving: The bird went through the vent. -ed blir uttalt på tre ulike måtar: - som /-id/ etter /d/ og /t/: wanted, landed - som /-t/ etter ustemte lydar, dvs. etter p-k-f-s-ʃ-tʃ: hoped – liked - laughed – washed - watched - som /-d/ etter stemte lydar: played – allowed Vokalen /ᴧ/ er ein mellomting mellom a og ø: up – luck - love – blood – mud – but – cup – other brother - swum – butter – such – country – enough – uncle - young – come – some – one – month -ng har «mjuk» uttale på engelsk: to sing a song. Dei fleste vestlendingar har «hard» uttale av -ng.