Uploaded by Mann Gutt

ielex2001 22h o03

advertisement
Datakomm. IELEx2001 22H – BIELEKTRO – NTNU-IES
Øving 3
Oppgåve 1
Lærestoff i kap 4.3.2 (kap. 5.3 og 5.4)
Ei datamaskin har denne IP-konfigureringa:
IP Address:
10.10.130.17
Subnet Mask:
255.255.248.0
Default Gateway: 10.10.128.1
a)
Rekn ut NetID-lengda (N-verdien) for dette logiske nettet.
b)
Skriv opp nettadressa (NetID etterfølgd av HostID = 0) på CIDR-format:
aaa.aaa.aaa.aaa/nn
c)
Rekn ut kor mange IP-nodar (vertsmaskiner eller rutargrensesnitt) det er adressekapasitet til i dette
logiske nettet.
d)
Finn den minste IP-adressa og den største IP-adressa som IP-nodar i dette logiske nettet kan
tildelast.
e)
Avgjer om direkte sending eller indirekte sending må brukast når ei IP-pakke skal sendast frå den
aktuelle vertsmaskina til mottakaradressa 10.10.140.6 .
Merk: Oppgåva skal løysast ved å maskera og samanlikna høvelege binære verdiar.
Vink: Bruk ev. ein IP-kalkulator til å kontrollera svara, t.d.
https://jodies.de/ipcalc
Oppgåve 2
Lærestoff i kompendium, og litt i kap. 4.3.4 (kap. 10.3.2)
Dette er eit eksempel på ei gyldig IPv6-adresse:
2001:0700:0301:000c:0000:0000:008f:9a23
Adressa er notert på heksadesimal form.
Kolon-teikna er med som formatering for å gjera adressa lettare å lesa og skriva.
a)
Kor mange bit utgjer kvar av dei åtte gruppene i adressa?
Kor mange bit er IPv6-adressa bygd opp av?
b)
Bruk reglane for kompakt notasjon og skriv adressa på kortaste form.
(Vink: Resultatet skal innehalda 17 siffer og 6 kolon.)
c)
NTNU er tildelt adresseintervallet 2001:700:300::/44 .
Kor mange 64-bit logiske nettverk kan delast ut frå dette adresseintervallet?
d)
Finn ut om IPv6-adressa i oppgåva ligg innanføre NTNU sitt adresseintervall eller ikkje.
Oppgåve 3
Lærestoff i kap. 2.4 (kap. 3.4)
a)
Kva fordelar har me som brukarar av å nytta DNS (Domain Name System)? Nemn minst tre.
b)
Forklar kort korleis DNS verkar.
c)
Kva er grunnen til at DNS som oftast har UDP (i staden for TCP) som transportlagsprotokoll?
Download